|
I dag vart nominasjonane til Noregs største filmpris offentleggjort. Fredag den 21. august skal til saman 19 statuettar delast ut i Haugesund Konserthus. Dette kjem til å verte den 25. utgåva av prisutdelinga. Konferansierane for jubileumsfeiringa er Sven Nordin og Dennis Storhøi.
Juryleiaren Åse Kleveland kunne røpe at ”Max Manus” er nominert i heile 10 kategoriar – noko som ikkje akkurat kjem som nokon bombe. På norske kinoar har filmen selt over 1,1 millionar billettar.
”DeUsynlige” av Erik Poppe kan vinne seks prisar. Filmen har fått svært blanda kritikk etter premieren. Jon Selås i VG klemde til med seks auge på terningen og samanlikna Poppe med både Ingmar Bergman og Lars von Trier. Her på Filmbyen fekk han ein femmar. Men Gaute Brochmann i Natt & Dag var langt mindre raus og gav filmen botnkarakter med kommentaren ”I programmet til Haugesund står Poppe omtalt som en ener. Det er bare nesten sant. Han er et null.”
”Nord” av Rune Denstad Langlo kan hauste inn fem prisar. Filmen har gjort stor suksess på fleire internasjonale festivalar, blant anna har han fått ein FIPRESCI-pris i Panorama-programmet i Berlin og beste regi-prisen under Tribeca-festivalen i USA, der blant andre Todd Haynes, Meg Ryan og Uma Thurman sat i juryen. Langlo er også nominert til dokumentarprisen for ”99% ærlig”.
I fjor vann ”Mannen som elsket Yngve” prisen for beste film.
Her er nominasjonane:
Beste norske kinofilm Jernanger Max Manus Nord
Beste barne- og ungdomsfilm I et speil, i en gåte ORPS - The Movie Yatzy
Beste regi Erik Poppe, ”DeUsynlige” Arild Fröhlich, ”Fatso” Espen Sandberg og Joachim Rønning, ”Max Manus”
Beste kvinnelege skodespelar Trine Dyrholm, ”DeUsynlige” Ingrid Bolsø Berdal, ”Fritt Vilt 2” Ellen Dorrit Petersen, ”Iskyss”
Beste mannlege skodespelar Aksel Hennie, ”Max Manus” Bjørn Sundquist, ”Jernanger” Kristoffer Joner, ”Skjult” og ”Den siste revejakta”
Beste kvinnelige birolle Tone Beate Mostraum, ”De Gales Hus” Josefin Ljungman, ”Fatso” Agnes Kittelsen, ”Max Manus”
Beste mannlege birolle Nicolai Cleve Broch, ”Max Manus” Mads Ousdal, ”I et speil, i en gåte” Mads Sjøgård Pettersen, ”Nord”
Beste filmmanus Karsten Fullu og Per Schreiner, ”Kurt blir grusom” Thomas Nordseth-Tiller, ”Max Manus” Erlend Loe, ”Nord”
Beste foto John Christian Rosenlund, ”DeUsynlige” Geir Hartly Andreassen, ”Max Manus” Philip Ødegaard, ”Nord”
Beste produkjsonsdesign/scenografi Per Hjorth, ”De Gales Hus” Karl Juliusson, ”Max Manus” Guri Giæver, ”Skjult”
Beste musikk Forente Minoriteter, ”99 % ærlig” Johan Söderqvist, ”DeUsynlige” Ola Kvernberg, ”Nord”
Beste klipp Anders Teigen, ”Blod & Ære” Einar Egeland, ”DeUsynlige” Anders Refn, ”Max Manus”
Beste ljod Hugo Ekornes, ”DeUsynlige” og ”Skjult” Baard Haugan Ingebretsen og Tormod Ringnes, ”Max Manus”
Beste kortfilm ”Sinna Mann”, regi: Anita Killi ”Kontroll”, regi: Hanne Myhren ”Darek”, regi: Jonas Matzow Gulbrandsen
Beste dokumentarfilm ”99 % ærlig”, regi: Rune Denstad Langlo ”Killing Girls”, regi: David Kinsella ”Moderne Slaveri”, regissør Thomas Robsahm og Tina Davis
I tillegg til desse 15 kategoriane, skal det også delast ut ein pris for beste utanlandske film, æresprisen, Gullklapparen og Folkets Amanda.
Juryen: Anna Bache-Wiig, Hilde Heier, Ove Solum, Ørjan Karlsen, Bård Breien, Christian Fredrik Martin, Mariann Saastad-Ottesen, Siri Senje, Hilde Malme og Silje Hopland Eik.
|